Dalen i Tokke ligg i hjarta av Telemark i den øvre enden av Telemarkskanalen.
Ei reise på Telemarkskanalen frå 1892 er ei reise i natur og kultur, gjennom sluser og kanalar og over store vatn der naturen stadig endrar seg. Kanalen strekkjer seg 105 km inn i landet fra Skien til Dalen - eit unikt stykke kulturhistorie frå kyst til fjell.
Tokke byr på eit breitt utvalg av attraksjonar og rik kultur. Her finn du fantastiske kulturskattar både langs landevegen og på flotte museum. Vest-Telemark Museum Eidsborg med flotte utstillingar og historieforteljingar, bygdetun og aktivitetspark med miniatyrmodell av Telemarkskanalen. Vakraste Eidsborg stavkyrkje frå 1250– ei levande soknekyrkje med ei unik historie. Åmdals Verk Gruver med spennande gruvevandring og geologiutstilling. Grimdalstunet med bygdetun og skultpurar av bilethoggaren og eventyrjenta Anne Grimdalen. Ravnejuv – spektakulært utkikkspunkt og 350 meter høg juv; kast eit blad utfor og sjå det komme opp att med luftstraumen! Dalen Hotel – eventyrhotellet frå 1894. Husmannsplassen Rui der dei nydelege Ruijentene Ingerine og Gurine budde.
For deg som er glad i å vandre er Dalen og Tokke eit paradis! Me har mange godt merkte og vakre turstiar frå lågland til høgfjell, gjerne lagt i tilknytning til ulike kulturminne. Gå spektakulære Lårdalstigen – himmelturen høgt over Telemarkskanalen, vakre sherpatrappa av brynestein opp til Rui og vidare til Eidsborg med vandring til Brynsteinbrotet. Naturopplevingar får du på alle kantar, om du er ute og vandrar, padlar på eller syklar langs Telemarkskanalen, eller kanskje er på jakt etter storauren i Tokkeåi.
Eit bad i Bandak etterfulgt av eit besøk i vår prisebelønte aktiktektsauna Soria Moria er ein perfekt avslutning på ein aktiv dag i naturen!
Me har gode overnattingsstader; storslåtte Dalen Hotel, hytter, camping med hytter og romleige, B&B og unik soveboks i Bandaksli for syklistar og padlarar.
Er du på jakt etter eit godt måltid kan du nyte det i sommarvarmen på bryggjekanten eller oppe på fjellet på Hallbjønnsekken etter vandre-eller skituren. Dalen Hotel har eit førsteklasses kjøkken som leverar matopplevingar utanom det vanlege.
Me har koselege butikkar og handelssentrum, der du kan gjere ein god handel og finne ting du ikkje finn alle andre stader.
Vinterstid byr Hallbjønnsekken, Høydalsmo og Øyfjell på flotte preparerte skiløyper i variert og vakkert terreng. På Hallbjønnsekken har me også eit skitrekk med 2500 meter nedfartar i naturleg variert terreng.
Besøk oss på turistkontoret på Dalen for råd og tips til opplevingar, kjøp av turkart, fiskekort, Ruikopp, postkort, boka om Rui-jentene med meir! På www.visitdalen.com kan de lese om alt Dalen og Tokke har å tilby!
Velkommen skal de vere!
:::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::
Dalen in Tokke municipality lies in the heart of Telemark at the upper end of the Telemark Canal.
A journey on the Telemark Canal from 1892 is a journey of nature and culture, through sluices and canals and over large water with changing scenary and landscape. The canal stretches 105 km from Skien to Dalen- a unique piece of cultural history from coast to mountain.
Tokke offers a wide range of attractions and rich culture. Here you will find wonderful cultural treats both along the country road and at the beautiful museums. Vest-Telemark Museum with great exhibitions and storytellings, rural museum and an activity park with miniature model of the Telemark Canal. Beautiful Eidsborg Stave Church from 1250 - a living church with a unique history. Åmdals Verk Mine with exciting guided tours inside the mine and geology exhibition. Grimdalstunet with the works of sculptor Anne Grimdalen. Ravnejuv - spectacular lookout point and 350 meter high gorge; throw a leaf and see it come back up with the air flow! Dalen Hotel - the fairytale hotel from 1894. The homestead Rui with beautiful view and the home of Ruijentene Ingerine and Gurine.
For those who love hiking, Dalen and Tokke is paradise! We have many well-marked and beautiful hiking trails in varied terrain, many linked to various cultural heritage and stories, such as spectacular Lårdalstigen along the Telemark Canal, beautiful stone staircase made by sherpas up to Rui and further to Eidsborg with hike to the whestone quarry. Nature experiences can be found everywhere, whether you are hiking, paddling on or cycling along the Telemark Canal or perhaps fishing for giant trout in the river Tokkeåi.
A bath in Lake Bandak followed by a sauna in beautful Soria Moria Sauna is a perfect end to an active day in nature!
We offer good accommodations; magnificent Dalen Hotel, cabins, camping with cabins and rooms, B & B and a unique sleeping box in Bandaksli for cyclists and paddlers.
If you are looking for a nice meal you can enjoy it in the summer heat down at the pier or up the mountain after hiking or skiing. Dalen Hotel has a first-rate kitchen that delivers dining experiences outside of the ordinary.
We have cosy shops where you can find things you do not find all everywhere else :-)
In winter, Hallbjønnsekken, Høydalsmo and Øyfjell offer prepared ski slopes in varied and beautiful terrain. At Hallbjønnsekken, we also have a ski lift with 2,500 meter pistes in naturally varied terrain.
Visit us at the tourist office in Dalen for advice and tips on what to experience, buy a hiking map, fishing license, souvenirs, postcard and more.
At www.visitdalen.com you can read about everything Dalen and Tokke have to offer!
You are most welcome!