Turistinformasjon Hareid kommune

  • Home
  • Turistinformasjon Hareid kommune

Turistinformasjon Hareid kommune Dette er turistinformasjon for Hareid kommune på Sunnmøre. Her finn du lenker til attraksjonar, sp

Velkomen til Hareid!
28/06/2022

Velkomen til Hareid!

Stikk Ut-turane i Hareid har allereie fått enorm respons. Dei mest besøkte turmåla har på berre tre dagar fått 100 besøk...
04/05/2022

Stikk Ut-turane i Hareid har allereie fått enorm respons. Dei mest besøkte turmåla har på berre tre dagar fått 100 besøk! 🤩

I artikkelen under kan du få meir informasjon om turane i Hareid kommune og informasjon om Stikk Ut-prosjektet. 👇

No er dei ti første Stikk UT-turane i Hareid klare.

03/05/2022

No kan du gå på Stikk Ut-turar i Hareid kommune. Eit av turmåla er Håbakknotten. Her kan du oppleve denne utsikta 🤩

Då har Hareid kommune endeleg fått seg bakeri og kafé igjen!Mjøl & Meir avdeling Hareid opna torsdag 10. februar. 😃Her k...
10/02/2022

Då har Hareid kommune endeleg fått seg bakeri og kafé igjen!
Mjøl & Meir avdeling Hareid opna torsdag 10. februar. 😃

Her kan du kjøpe rykande fersk bakst frå eige bakeri og nydeleg kaffi frå Jacu. 🍞🥨☕️🍪

Kafeen vil bli ein flott treff- og stoppestad både for fastbuande, tilreisande og gjennomreisande.

Torsdag 10. februar er ein merkedag for Hareid. Då fekk kommunen endeleg sitt eige bakeri igjen.

BUBILPARKERING PÅ INDRE HAREID:Det er tillaga for 6 plassar med straum. Straumboksane er opne og kan brukasr til bubilan...
16/07/2021

BUBILPARKERING PÅ INDRE HAREID:
Det er tillaga for 6 plassar med straum. Straumboksane er opne og kan brukasr til bubilane GRATIS ut året.

Fasilitetane er under utvikling. Tømestasjon for bubilar er i Saunesmarka ved Storehølvegen 21 i Ulsteinvik.
Det står eiga skilt om dette på parkeringa.


For meir informasjon: www.hareid.kommune.no/turistinformasjon eller Turistinformasjon hos Circle K i Hareid sentrum.

25/04/2021

Vil tel ned til sommartemperaturar både i sjø og på land. 🌊🌞

(Sjølv om Overåsanden er nydeleg i vårlufta også. 😍)

14/02/2021

Når både opptur og nedtur er ein bra ting. 🤩⛷❄️☀️

📹: på

Siste sjanse i morgon? ❄️☀️⛷Det har vore blått i blått på gradestokken lenge, men til veka kjem det nokre raude. I alle ...
13/02/2021

Siste sjanse i morgon? ❄️☀️⛷

Det har vore blått i blått på gradestokken lenge, men til veka kjem det nokre raude. I alle fall i låglandet. Forhåpentlegvis vil snøen ligge lenge på fjellet. 🤩😍

Nydelige forhold i fjella no. Her frå Signalhornet. Spenn på skia og fyll opp termosen! ❄️☀️🤩
07/02/2021

Nydelige forhold i fjella no. Her frå Signalhornet. Spenn på skia og fyll opp termosen! ❄️☀️🤩

Nydeleg vintermorgon i Hareid hamn.📷: .piotr.krezel Takk for at vi får dele biletet.
01/02/2021

Nydeleg vintermorgon i Hareid hamn.

📷: .piotr.krezel
Takk for at vi får dele biletet.

Berre kvilar litt her før eg tek resten av himmelturen.
29/01/2021

Berre kvilar litt her før eg tek resten av himmelturen.

God morgon, Hareid!📷:
28/01/2021

God morgon, Hareid!

📷:

Er du heldig, kan du trakke nye spor. Har du flaks, har nokon allereie vist veg.
24/01/2021

Er du heldig, kan du trakke nye spor. Har du flaks, har nokon allereie vist veg.

Kaldholen på sitt kaldaste og finaste tidlegare denne månaden. ❄️☀️Takk til Gunfrid Dukefoss at du ville dele biletet me...
22/01/2021

Kaldholen på sitt kaldaste og finaste tidlegare denne månaden.
❄️☀️

Takk til Gunfrid Dukefoss at du ville dele biletet med oss.

Det har lagt seg godt med himmelsk korrekturlakk over Hareid dei siste dagane. Her frå  , ved enden av  .               ...
12/01/2021

Det har lagt seg godt med himmelsk korrekturlakk over Hareid dei siste dagane.

Her frå , ved enden av .

På med ski, truger eller gamasjar!På Rotarystien er det plass til alle. ❄️☀️💙🤍
11/01/2021

På med ski, truger eller gamasjar!

På Rotarystien er det plass til alle. ❄️☀️💙🤍

Måtte 2021 by på fleire dagar som dette. ❄️☀️😀🙏🏻                #2021
02/01/2021

Måtte 2021 by på fleire dagar som dette. ❄️☀️😀🙏🏻

#2021

Ta turen til Kvitneset i jula og sjå kor fint det har blitt!
16/12/2020

Ta turen til Kvitneset i jula og sjå kor fint det har blitt!

Dersom du har vore på tur til Kvitneset i det siste, har du kanskje sett endringar i landskapet og at krigs- og kulturminnna har blitt meir synlege.  

Julestjerna i Melshornlia tar seg godt ut frå denne vinkelen også.
28/11/2020

Julestjerna i Melshornlia tar seg godt ut frå denne vinkelen også.

I fjor på denne tida gjekk vi på skøyter på Grimstadvatnet i solnedgang. ⛸☀️Vi krysser fingrane for at vi snart får sjan...
25/11/2020

I fjor på denne tida gjekk vi på skøyter på Grimstadvatnet i solnedgang. ⛸☀️
Vi krysser fingrane for at vi snart får sjansen igjen. 😃

Det er ikkje naudsynt å reise til Nord-Noreg for å sjå nordlys! 🤩Dei neste nettene ligg mykje til rette for at vi på Sun...
22/10/2020

Det er ikkje naudsynt å reise til Nord-Noreg for å sjå nordlys! 🤩

Dei neste nettene ligg mykje til rette for at vi på Sunnmøre kan få tilsvarande oppleving som på bilete under. Nordlysvarselet gir eit godt sannsyn for nordlys og den vanlege vervarslinga melder om klårver. ✨💫

Bilete frå Eidet mot Hareid. 📷: Knut Petter Dimmen. 👍

Innimellom oktoberbygene. 🌧☀️🌈Biletet er frå Rotarystien ved Grimstadvatnet. Myrane her blei nytta til torvspading og to...
18/10/2020

Innimellom oktoberbygene. 🌧☀️🌈

Biletet er frå Rotarystien ved Grimstadvatnet. Myrane her blei nytta til torvspading og torva blei brukt til brensel. Bygningen til høgre er ei torvløe som blei bygd i 2015. Målet er å vise fram noko av historien. Inne i grindløa er det informasjonstavle og døme på reiskapen som blei brukt til torvspadinga.

Rotarystien går frå fjorden opp langs Hareidselva, vidare langs Grimstadvatnet og til Kaldholdemninga - totalt om lag 4 kilometer. Stien er opparbeida og halde vedlike av Hareid rotaryklubb.

Her kan du kvile både auga og beina. 💚💙I enden av turstien langs Hareids-vassdraget finn du denne idyllen. Ved Kaldhol-d...
30/08/2020

Her kan du kvile både auga og beina.
💚💙

I enden av turstien langs Hareids-vassdraget finn du denne idyllen. Ved Kaldhol-demninga kan du slappe av i ein av gapahukene som står langs elva. Det er også sett opp bålpanner som gjer at du kan ta middagen ute i det fri.

Det er Hareid Rotaryklubb som har opparbeida og vedlikeheld stien og gapahukene- derfor blir han kalla Rotarystien.

Kom deg ut og opp! Det er meldt glimrande fjellvêr i helga! ☀️😎Men kva skal du velje? Melshornet, Skafjellet, Skolma, Al...
14/08/2020

Kom deg ut og opp! Det er meldt glimrande fjellvêr i helga! ☀️😎

Men kva skal du velje? Melshornet, Skafjellet, Skolma, Alskleiva, Holstadhornet, Løkeberget, Signalhornet, Håbakknotten eller Brørne? 🌄

I artikkelen under finn du turtips og turkart. La deg inspirere! 🤩

Hareid har svært gode moglegheiter for deg som likar fotturar. Frå dei korte avstikkarane til dagsturar på tvers av øya via fleire fjelltoppar - alle årstidane. 

⛺️ Kva med telttur i helga? ⛺️Då er Nessetelva i Snipsøyrdalen eit glimrande alternativ. 😀
13/08/2020

⛺️ Kva med telttur i helga? ⛺️

Då er Nessetelva i Snipsøyrdalen eit glimrande alternativ. 😀

Friområdet ved utløpet av Nesset er perfekt til dagsturar eller overnatting i telt. Her kan du grille, bade og leike deg i småbekkane.

Ein treng ikkje vere aktiv golfspelar for å besøke Sunnmøre golfbane. 👍 Kom gjerne på besøk, gå bak nokre golfspelarar o...
12/08/2020

Ein treng ikkje vere aktiv golfspelar for å besøke Sunnmøre golfbane. 👍

Kom gjerne på besøk, gå bak nokre golfspelarar og la deg imponere over den fine parken. 🌳🌱🌿🌼🏌️‍♀️

 Ein treng ikkje vere aktiv golfspelar for å besøke bana. Kom gjerne på besøk, gå bak nokre golfspelarar og la deg imponere over den fine parken.  

No bugnar det av bær i kratt og hei. 🤩Du treng heller ikkje å vase langt utanfor tursti eller turveg for å finne godsake...
10/08/2020

No bugnar det av bær i kratt og hei. 🤩

Du treng heller ikkje å vase langt utanfor tursti eller turveg for å finne godsakene. Både langs Rotarystien og til dømes på stiane til Melshornet kan du ha lukka med deg. 😋

Putt dei rett i munnen, eller ta med bøtte! 👍🏻

Holesanden ligg inst i Snipsøyrdalen ved Snipsøyrvatnet.Her er det fin badestrand. Vatnet blir ofte godt og varmt sommar...
17/07/2020

Holesanden ligg inst i Snipsøyrdalen ved Snipsøyrvatnet.

Her er det fin badestrand. Vatnet blir ofte godt og varmt sommarstid, men stranda er fin å bruke i alle årstider. Det er gode parkeringsmoglegheiter.

 Holesanden er ein populær badestrand og utfartsstad, både sommar og vinter.  

Raudesanden er kanskje den varmaste badestranden i Hareid kommune. Perfekt for dei minste å plaske i og dei vaksne som e...
10/07/2020

Raudesanden er kanskje den varmaste badestranden i Hareid kommune. Perfekt for dei minste å plaske i og dei vaksne som er litt varmekjære.

På Raudesanden blir vatnet raskt varmt, det er langgrunt og det er sand å leike med. 

Det er fleire i Hareid som tilbyr privat overnatting gjennom Airbnb.Her kan du leie alt frå leilegheiter og stilig ateli...
08/07/2020

Det er fleire i Hareid som tilbyr privat overnatting gjennom Airbnb.

Her kan du leie alt frå leilegheiter og stilig atelier i sentrum til eit fredeleg gardstun i Snipsøyrdalen.

I artikkelen under finn du også informasjon om korleis du leiger ut gjennom Airbnb.

Airbnb er eit konsept der privatpersonar leiger ut deler eller heile bustaden sin og fritidsbustader. Det er fleire flotte Airbnb-stader i Hareid kommune. Søk via denne lenka for å finne ein overnattingsstad som passar deg. Kunne du tenke deg å vere Airbnb-vert? Les her for m...

No kan du kjøpe fiskekort for Hareidsvassdraget!Fiskekorta får du kjøpt på Circle K Hareid.Skitt fiske! Kortet gjeld Har...
03/07/2020

No kan du kjøpe fiskekort for Hareidsvassdraget!

Fiskekorta får du kjøpt på Circle K Hareid.

Skitt fiske!

Kortet gjeld Hareidselva, Riseelva og Kaldholelva frå 1.juli -15 august og med nok vassføring.

Prisar og meir info i artikkelen under.

Fiskekortet gjeld i Hareidselva, Riseelva og Kaldholelva. 

Førre helg var det nærare 1000 personar innom Overåsanden! 💙🤩☀️🌊🏖Klarer vi å få like mange til å like denne sida? 👍🏻😀Inv...
03/07/2020

Førre helg var det nærare 1000 personar innom Overåsanden! 💙🤩☀️🌊🏖

Klarer vi å få like mange til å like denne sida? 👍🏻😀

Inviter vener, familie og kjende til å følgje oss . Inviter dei du vil skal kome på besøk til Hareid, Brandal, Hjørungavåg og Bigset. 🥳🥰

Holstadhornet (531 moh) er lett tilgjengeleg frå Hareid. Det er ein fin topp i seg sjølve, men kan også vere utgangspunk...
29/06/2020

Holstadhornet (531 moh) er lett tilgjengeleg frå Hareid. Det er ein fin topp i seg sjølve, men kan også vere utgangspunkt for ein lengre tur innover øya - til Brørne eller kanskje heilt til Flø?

Ein god stad å starte turen, er frå Torkelvegen. Her er stistartenn skilta. Fyrst går du gjennom skog på steinlagt sti. Ganske snart gir høgdemetrane godt utsyn over Hareid sentrum og Sulafjorden.

Ein fyrste naturleg rast, er Merkarsteinen. Her er set godt å sitje. Kanskje du finn bokstavar rissa inn i steinen frå vandrarar før deg?

Etter Merkarsteinen snur stien nesten 180 grader. Det gjer at du no ser innover Hareidsdalen og Snipsrøyrdalen.

Ikkje lenge etter kjem du til sommarfjøset. Dette er kanskje langt nok for dei aller minste. Innafor steinmurane til fjøset står det eit piknikbord.

Ikkje lenge etter sommarfjøset kan du ta til høgre til Håbakknotten (271 moh).

Turen til Holstadhornet tar litt over éin time. På toppen har du flott utsikt mot Hareidsdalen, Melshornet og Sunnmørsalpane i sør. Mot nord og nordvest ser ein innover fjella på Hareidlandet (mellom anna Brørne, Signalhornet og Sneldelia).

På veg ned er det fint å ta runda via Nonsberget (+1t). I staden for å ta ned til høgre på stien du kom opp, går du rett fram på veg ned.
Her får ein fantastisk utsikt over Brandal, Sulafjorden og Sulafjella.

God tur!

Sjå bit.ly/visithareid for lenker til turkart og anna turistinformasjon.

Address


Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Turistinformasjon Hareid kommune posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Shortcuts

  • Address
  • Alerts
  • Claim ownership or report listing
  • Want your business to be the top-listed Travel Agency?

Share

Comments

JIPPI!
Fyrste arrangement på nybiblioteket er då gjennomført! Verdas mest vidreiste mann, Gunnar Garfors, holdt eit interessant, tankjevekkande og morosamt foredrag om reiser i Noreg bortom allfarveg.
I tillegg til foredraget, fortalde Christine Riise Øvrelid, kulturkonsulenten vår, om Turistinformasjon Hareid kommune og reiselivssatsinga på Ytre Søre Sunnmøre Hivens.no 😃
Ein flott gjeng kom og høyrde på og dei verka svært nøgde både med det dei høyrde OG fasilitetane.
Vi fekk testa det supre sceneutstyret som Even ved Hareid Group har ordna og det funka ypperleg!
Vi takkar Litteraturhus i Møre og Romsdal som stod bak arrangementet og Marianne ved Notabene Blåhuset som solgte boka til Gunnar Garfors; "Bortom allfarveg". Boka lånar du også på biblioteket😊
Sjølv om korona avgrensar mykje, håpar vi på fleire arrangement framover og vi tek svært gjerne i mot tips og ynskjer om kva du kan tenkje deg skal foregå i biblioteket😃
Sjekk ut Turistinformasjon Hareid kommune på nett for å bli bedre kjent med nærområdet til Leitehuset 🤩

https://www.hareid.kommune.no/turistinformasjon/

Foto: Else Beate Liavåg (utsikt frå Leitehuset)