13/05/2021
Pilegrimssenter i Røldal
Det var historielaga i vest -Telemark frå Seljord og oppover som på 60 talet fann att den gamle ferdavegen, som også vart nytta av pilegrimane på veg til Røldal. Dei fekk god hjelp av lokale krefter i Røldal, og sammen fekk dei rydde og merkt vegen frå Seljord til Røldal. I 2003 vart den fyrste organisera vandringa gjennomført frå Seljord, vandringa til Røldal var på ny igang, på lik linje med vandringa til det andre pilegrimsmålet her i landet, Nidaros.
Det var mange positive krefter igang, og i åra etter kom det vandring frå Setesdalen og frå Ryfylke, og alt såg positivt ut. For å få dette til å fungere så må det vera ein effektiv organisasjon til der også det offentlege er aktivt med. Me såg fort at denne vandringa som har sine startsområde på forskjellige stader i landet, der Røldal er midtpunktet så er det ikkje godt berre med lokale krefter, me må ha eit senter til å organisere det heile gjennom heile året.
Tanken å få til eit pilegrimssenter mognast etterkvart og i 2011 varet det lyst ut arkitektkonkurranse og det kom inn 182 utkast. Den 14.februar i 2012 skulle vinnaren bli kåra, og då navnekonvoluttane vart opna, viste det seg at Arkitektfirmaet Lund og Slaatto hadde gått av med seieren. Det betyr at senteret har fått ein svært solid vinnar: Norges bank, Veritas, Kulturhuset i Stavanger og vernebygget over domkirkeruinene i Hamar har alle same arkitektane.
Slik bygninga er teikna, legg ho seg lågt i terrenget, med tilnærma flatt tak, tre sider og opent fokus mot stavkyrkja. Utkastet maktar å møte behova frå svært ulike brukargrupper: Dette skal vere pilegrimane sin endestasjon og her skal turistane få nødvendig oppfølging. Også soknet, museet og reiselivet vil få rom her.
Dette såg utruleg bra ut, men og her er det eit stort men, kva er det som har skjedd lokalt og på fylkesplan? Det har ikkje skjedd nokon ting på desse 10 åra, det har vore undersøking om grunnforholda, men kva meir.
Det er heilt klart at med den historien som er knytt opp til Røldal kyrkje og pilegrimsvandringa, så er dette noko som også er kjendt i bygdane langs dei andre innfartsvegane til Røldal. Dette er ein nasjonal, men og ein viktig lokal historie som me kan utnytte på ein positiv måte. Det er snakk om å ta vare på historien, men her er det og mogeleg å bruke historien på ein positiv måte på mange områder, og i fyrste rekke så kan reiselivet utnytte dette.
Det var dei lokale historielaga som starta opp det heile, og det er klart at i når det ligg eit pilegrimssenter i Røldal, så vil dette vera ein fin stad å gjennomføre årlege historiske samlingar som tek for seg forskjellige lokalhistoriske hendingar i bygdane som er knytt opp til pilegrimsvandringa. Her er det store mogleghetar, berre det vert sett igang noko.
Spørsmålet mitt er no, kva er det som vil skje med Pilegrimssenteret i Røldal dei neste 10 åra. I fyrste omgang er det administrasjonen og politikarane i Ullensvang kommune som må ta tak i saka, i tillegg til kyrkja og bispekontoret, men eg vil også oppfordre dei same gruppene i nabokommunane om å ta kontakt med Ullensvang kommune å få til eit samarbeid mellom kommunane og kyrkja, her kan me få til noko positivt sammen.
Håpar eg ikkje er åleine om desse tankane.
Edland 3. mai 2021
Ragnvald Christenson