Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter

Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter Olaskjeret er ein liten holme i idylliske Bakkasundet på Austevoll. Her finn du hyggelege og famili
(7)

✨It’s the most wonderful time of the year✨ Året går slutten og desember ebbar ut. Den mest magiske og spesielle månaden ...
29/12/2023

✨It’s the most wonderful time of the year✨

Året går slutten og desember ebbar ut. Den mest magiske og spesielle månaden av dei alle🤎

Åtte unike julebordskveldar er overstått og mange juleminner er skapt. Tusen takk til alle fine julebordsgjestar og for alle fine og gode lovord😘

Elevar på 10.trinn - arbeidslivsfag, har hatt prosjekt med hummerfiske i haust. Ekstra kjekt at dei avslutta prosjektet med skalldyrsaften hjå oss😍

Ei spanande oppleving for oss var å ha Arne Hjeltnes & Stig Bareksten m/ filmcrew på besøk. Dei lagar ein episode om snakrabbefisket til programmet deira, People og the north, og dei hadde base hjå oss då dei var å filma i Austevoll. Lika kjekke folk off-camera som on🤩

har også vore på visitt😃 Trivelege folk sørant ifrå😄 Saman tok me turen til Møkster, kor geolog, Anouk frå , engasjert formidla kunnskap om dei fascinerande bergartane som er å finna der.

Me vil takke kvar og ein som har vitja Olaskjeret i løpet av året. Minnebanken vår er atter fylt med mange gylne augeblink😍
Etter nyttår ferdigspikrar med events for året som kjem og me ser fram mot å ynskje dykk velkomne igjen ut mot våren i 2024🌱

MED VARME OG GODE YNSKJER FOR DET NYE ÅRET FRÅ OSS TIL DEG!!!🤩🤎

Grådig gøy oppleving for oss på Olaskjeret å få vere med på filminnspeling🎥🤩 Me heiar på snøkrabbegjengen!!!👏🏼😃👏🏼
18/12/2023

Grådig gøy oppleving for oss på Olaskjeret å få vere med på filminnspeling🎥🤩 Me heiar på snøkrabbegjengen!!!👏🏼😃👏🏼

Arne Hjeltnes og Stig Bareksten som lager TV-serien «People of the North» skal lage en episode om det norske snøkrabbefiskeriet. Og blir episoden godt mottatt så blir det kanskje en hel TV-serie!

21/11/2023

Ei fantastisk julebordshelg er overstått og me har storkosa oss saman med feststemte gjestar🤩

Pga reservasjon er mindre enn antatt har me noko ledig kapasitet den 25.11 og 02.12.

Ta kontakt på e-post: [email protected] eller på melding om du og dei du er glad i har lyst å kome😍

🎩FARSDAGSTIPS🎩På søndag er det farsdag og kva med å overraske far med eit gåvekort frå Olaskjeret?😃Det kan brukast på al...
10/11/2023

🎩FARSDAGSTIPS🎩

På søndag er det farsdag og kva med å overraske far med eit gåvekort frå Olaskjeret?😃

Det kan brukast på alt frå fisketur, skjærgardssafari, kajakk eller SUP, matoppleving, overnatting, julebord eller komande events og happenings til neste år😃

Har du ikkje høve å hente, sender me gjerne på e-post. Berre gje ein lyd så ordnar me🤎

07/11/2023

🤎JULAFTAN PÅ OLASKJERET🤎

🎥

Kan du tenke deg å feire julaftan på Olaskjeret?🎄✨

Kvitanaustet står klar i all sin juleskrud og tek gledeleg imot deg og dine næraste for ei uforgløymeleg julehøgtid✨

Ta kontakt på [email protected] for meir info🤎

14/10/2023

🤎VELKOMEN PÅ OLASKJERET🤎

Me ser fram mot ei triveleg førjulstid kor me ynskjer våre gjestar hjarteleg velkomne til ein julepynta holme, der fokuser er på god mat, kos og hygge✨

Nokre datoar er opptekne men me har framleis nokre ledige bord. Så inviter med deg venar, kollegaer eller familie til ei triveleg stund i unike omgjevnader på Olaskjeretfor🤎

Send gjerne mail til [email protected]

03/10/2023

Ei stemningsfull og fortryllande jul nærmar seg på Olaskjeret. I glitrande vinterskrud ynskjast ein velkomen på holmen, med juletonar og tente bålpanner✨✨✨

Inne i Kvitanaustet luktar det herleg av varm velkomstgløgg og peparkaker🤎
Det blir tid til litt drøs før ein trekkjer bort i Raudanaustet. Til dukdekte bord og julepynta lokale ventar eit personale på å ta dykk imot

Middagsbuffeet bugnar av klassiske julesmakar. Pinnekjøt og svineribbe med alt som høyrer det til står klart og kan nytast med noko godt i glaset🥂

Middagen vert avrunda med eit verdig dessertbord av heimelaga julekjeks, bestemor Marta Auds karamellpudding og god gamaldags riskrem🍨🍮

Kom og opplev ei minneverdig og god atmosfære!🤎

For mer info og booking ta kontakt på e-post: [email protected]

September flyr avgarde og hausten er verkeleg i anmarsj🍁 Då har det vore godt å nusla litt i «hagen»🥰Tulipanlaukar er sa...
30/09/2023

September flyr avgarde og hausten er verkeleg i anmarsj🍁 Då har det vore godt å nusla litt i «hagen»🥰Tulipanlaukar er satt i jord, staudar er delte og krukkene er klartgjort for overvintring🍂

Me har roa ned tempoet men er takksame for dei selskapa som har vore arrangerte🤎Det har vore teambuildingar, syskenborntreff og feira bursdag😍 Spanande også med besøk av fleire reiselivsoperatørar😎

Skjærgardssafari med kjekke gjestar mellom holmar og skjær i Austevoll og me har fått oppleve cidersmaking i Haranger🤩 Mykje kjekt med andre ord🤎

Oktober nyttar me til å kome à jour med forfallande arbeid og førebur til ei koseleg og stemningsfull førjulstid🎄✨

(Klikk på bilete for å sjå Reels😍)

Plutseleg var august månad omme🤭☺️Det har vore eit variert program kan ein sei. Det byrja med bryllaup, kor M/S Midthord...
04/09/2023

Plutseleg var august månad omme🤭☺️

Det har vore eit variert program kan ein sei. Det byrja med bryllaup, kor M/S Midthordland med brudefølgjet og gjestar kom seglande med sola ved anløp Olaskjeret⛴️☀️👰‍♀️🤵🏼‍♂️

Eit tredagars seminar var ei ny oppleving for oss, med overnatting på holmen og i rorbuer i havnebassenget rundt Olaskjeret🖋️🗒️🏠

Bergen Poker Run var artig og fartsfylt med 38 speedbåtar, helikopter og 160+ gjestar som var opp om for å trekke kort, spise lunsj og mingle til stemningsfylt musikk🚤🚁🎶

Det har vore 60 årsdag med storslått band, bedrifter som har hatt engasjerte ansatte på teambuildings og det har vore servert mykje god mat😋😃 Takk til kokkane, Ona og Kim Andre som har losa oss i hamn til dei fleste anledningar😍😍 Tusen takk også til alle servitørar og hjelparar som bidrar til at Olaskjeret kan levere kvalitet😘😘😘

Me har kosa oss og gledar oss til sesongskifte med haust- og vinterarrangement🍃🍂🎄✨

Gin & Grill var 👌🏼🤩👌🏼
04/08/2023

Gin & Grill var 👌🏼🤩👌🏼

Då var sommarkafeen over for denne gong og me sit attende med eit stor smil om munnen😄 Det har vore hektisk og intenst m...
26/07/2023

Då var sommarkafeen over for denne gong og me sit attende med eit stor smil om munnen😄 Det har vore hektisk og intenst men me har storkosa oss😍😍😍

Me er imponerte over gjengen som har vore på jobb, som til tider har sprunge mellom oppdraga😅🤩 og me er evig takksame for familie og venar som kjem som reddande englar og tar på eit forklede eller tar ein runde eller to i oppvasken🤎

Og ikkje minst; tusen takk til alle besøkjande 😍Håpar de har hatt ei fin oppleving når de vitja oss på Olaskjeret🤎

HEILAFTEN OG SEINAFTEN PÅ HOLMEN😍Praktisk info til dagens arrangement❗️TELTArrangementet foregår i stort telt som er rig...
22/07/2023

HEILAFTEN OG SEINAFTEN PÅ HOLMEN😍

Praktisk info til dagens arrangement❗️

TELT
Arrangementet foregår i stort telt som er rigga over terrassedekket på Olaskjeret⛺️
Det er scene i teltet og sittegrupper både inne og ute😎

BÅTSKYSS
For dei som skal på Heilaften (ginsmaking, grill og song):
Båtskyss går i shuttle frå kl 17.00 frå North Sea Shipping si bryggje⚓️. Parkering med bil på gamle fergeleie på Kvaløy.
ARRANGEMENTSTART kl 18.00

For dei som skal på Seinaften (ginpub og song):
Båtskyss går i shuttle frå kl 20.45 frå North Sea Shipping si bryggje⚓️. Parkering med bil på gamle fergeleie på Kvaløy.
ARRAGEMENTSTART KL 21.00

NATTMAT
Hotdogs serverast frå kl 23.00🌭

ARANGEMENTSLUTT KL 01.00.

Gledar oss til kvelden🤩🎶💃

olaskjeret

Går de med gifteplanar og kunne tenkje dykk å feire på Olaskjeret?👰‍♀️🤵🏻‍♂️🥂Send ein e-post til post@olaskjeret.no så av...
20/07/2023

Går de med gifteplanar og kunne tenkje dykk å feire på Olaskjeret?👰‍♀️🤵🏻‍♂️🥂

Send ein e-post til [email protected] så avtaler me ei visning🤎

🤩SEINAFTEN PÅ HOLMEN🤩Me er utsolgt for billettar til «Heilaften på holmen» med ginsmaking og grillmat, men pga stor ette...
18/07/2023

🤩SEINAFTEN PÅ HOLMEN🤩

Me er utsolgt for billettar til «Heilaften på holmen» med ginsmaking og grillmat, men pga stor etterspørsel opnar me opp for billettsal til «Seinaften på holmen»🥂🎶

Billettar inkluderar ginpub, vakker musikk og båtskyss fra Bakkasund tur/retur🍹🎵💃🕺🏼🛥️

Arrangementstart kl 21.00
Arrangementslutt kl 01.00

Sal av hotdogs frå kl 23.00🌭

Kom og nyt sommerkvelden på Olaskjeret☀️☀️☀️

Billettar kjøpast på EasyTicket

https://olaskjeret.easyticket.no/produkt/seinaften-pa-olaskjeret-22-juli/

#

Hei alle saman😍Vil informere om at sommarkafeen, laurdag 22.07, utgår pga arrangementet «Heilaften på holmen». For dei s...
15/07/2023

Hei alle saman😍

Vil informere om at sommarkafeen, laurdag 22.07, utgår pga arrangementet «Heilaften på holmen». For dei som ynskjer å kome på arrangementet ligg det billettar ute på

https://olaskjeret.easyticket.no/produkt/heilaften-pa-olaskjeret-22-juli/

Elles er det siste veke med sommarkafe neste veke og me har ope ons, tors, fre og sun frå kl 12.00-18.00☀️ Ynskjer alle hjarteleg velkomne😍

Med varm helsing frå oss på Olaskjeret

🤩HEILAFTEN PÅ OLASKJERET🤩Laurdag 22.juli ynskjer me velkomen til GIN & GRILL på Olaskjeret, akkopagnert med stemningsful...
13/07/2023

🤩HEILAFTEN PÅ OLASKJERET🤩

Laurdag 22.juli ynskjer me velkomen til GIN & GRILL på Olaskjeret, akkopagnert med stemningsfull musikk🍹🍗🎶

Fyrst inviterar med til ginsmaking med talentfulle og sprudlande, Therese Østervold. Ho kjem frå Austevoll og har jobba som bartender i 18 år, nasjonalt og internasjonalt. Sidan februar 2020 har ho jobba som produktutviklar, destillatør og merkevare ambassadør for Feddie Ocean Distillery på Fedje.

Olaskjeret sin signaturdrink, kreert av Therese, blir også lansert denne kvelden🤩

Etterpå ventar kokken, Ona Totland, med mykje godt på grillen, salatar og anna digg på buffeten🧑🏻‍🍳🍗🥩🥗

Me er også heldige å ha, Andrea Årland Våge, med på laget denne kvelden. Med si vakre røyst garanterar me god stemning og allsongtendensar🎶😍

Kr 750,- pr pers
Inkluderar: ginsmaking, grillbuffet, musikk og båttransport tur/retur frå Bakkasund

Arrangementstart: kl 18.00
Arrangementslutt: kl 01.00

Kjøp billettar på:

https://olaskjeret.easyticket.no

Obs! begrensa med billettar

Ta med deg dine venen, mannen, kåno, nabo og kjenn på sommervibes på Olaskjeret🎶☀️🤩

Fin reportasje om Olaskjeret i dagens 😍
12/07/2023

Fin reportasje om Olaskjeret i dagens 😍

☀️SOMMARKAFE☀️På onsdag 05.juli opnar me sommarkafeen og me gledar oss til å ta imot liten og stor🤎Me serverar Olaskjere...
02/07/2023

☀️SOMMARKAFE☀️

På onsdag 05.juli opnar me sommarkafeen og me gledar oss til å ta imot liten og stor🤎

Me serverar Olaskjeret krema fiskesuppe, reker med godt brød og italiensk pizza😋

Kuleis vonar me får fram sommarkjensla🍧

Opningstider:
Onsdag - Sundag tre fyrste vekene i juli,
kl 12.00-18.00

Kjem du med eigen båt, kan du legge til ved gjestebryggja vår. Kjem du med bil kan du parkere på gamle fergeleie på Kvaløy. Gå (2min) rett over til North Sea Shipping så hentar me dykk med båt ved bryggja der🛥 Kr 50,- tur/retur pr pers. Born gratis

Ta kontakt med oss på 92653369 eller 90192826, eller e-post [email protected]

Grupper på over 10 pers rår me til å reservere bord.

Hjarteleg velkomen til Olaskjeret; me gledar oss til sjå deg😍

OLASKJERET VURDERAST SOLGT🤩Frå oppstart 01.05 i fjor og fram til no har Olaskjeret gått over all forventning😍Frå å vera ...
26/06/2023

OLASKJERET VURDERAST SOLGT🤩

Frå oppstart 01.05 i fjor og fram til no har Olaskjeret gått over all forventning😍

Frå å vera amatøra innan selskap- og reiselivsbransjen, har læringskurva vore bratt. Men herlighet kor me har kosa oss! Og kor mange kjekke folk me har truffet på vår veg😍 Det har vore ei reise🤎

Olaskjeret vart kjøpt då me trengde ein kai og naust til sjarken…. Lite visste me at me skulle drive selskap og arrangement😄
Det har «balla» på seg og det har skjedd i eit forrykande tempo😅

Me er veldig stolte av det me har bygd opp, men me ser at tida ikkje heilt strekk til, til det me har lyst og prioritere mest; heim og familie🤎

Difor har me kome til det steget at me ynskjer å selge Olaskjeret…. Mulighetens holme… For det er det den er😍
Me har sett og erfart at Olaskjeret verkeleg er liv laga og potensialet er stort!🤩

Slik det er i dag, begrensar me drifta då me ikkje har kapasitet til å ta imot alle forespørslar. Me har mange, dyktige hjelpara med oss på laget; takk og lov for dei😍😍😍 Men me føler tida en inne for å prioritere annleis🤎

Me skal uansett drive denne sesongen og me ynskjer alle hjarteleg velkomne på sommarkafe, ons-sun, dei tre første vekene i juli☀️☀️☀️ Me tar også framleis i mot henvendingar og booka selskap går som normalt😃

Me er takksame for framsnakk og delingar av annonsa som ligg på Finn med kode 30724256 og hos Aktiv Eiendomsmegling https://aktiv.no/bolig/boliger-til-salgs/bakkasund-bahus-29-111714862

Håpar me sjåast i sommar!☀️😎😍

OLASKJERET VURDERAST SOLGT🤩Frå oppstart 01.05 i fjor og fram til no har Olaskjeret gått over all forventning😍Frå å vera ...
26/06/2023

OLASKJERET VURDERAST SOLGT🤩

Frå oppstart 01.05 i fjor og fram til no har Olaskjeret gått over all forventning😍

Frå å vera amatøra innan selskap- og reiselivsbransjen, har læringskurva vore bratt. Men herlighet kor me har kosa oss! Og kor mange kjekke folk me har truffet på vår veg😍 Det har vore ei reise🤎

Olaskjeret vart kjøpt då me trengde ein kai og naust til sjarken…. Lite visste me at me skulle drive selskap og arrangement😄
Det har «balla» på seg og det har skjedd i eit forrykande tempo😅

Me er veldig stolte av det me har bygd opp, men me ser at tida ikkje heilt strekk til, til det me har lyst og prioritere mest; heim og familie🤎

Difor har me kome til det steget at me ynskjer å selge Olaskjeret…. Mulighetens holme… For det er det den er😍
Me har sett og erfart at Olaskjeret verkeleg er liv laga og potensialet er stort!🤩

Slik det er i dag, begrensar me drifta då me ikkje har kapasitet til å ta imot alle forespørslar. Me har mange, dyktige hjelpara med oss på laget; takk og lov for dei😍😍😍 Men me føler tida en inne for å prioritere annleis🤎

Me skal uansett drive denne sesongen og me ynskjer alle hjarteleg velkomne på sommarkafe, ons-sun, dei tre første vekene i juli☀️☀️☀️ Me tar også framleis i mot henvendingar og booka selskap går som normalt😃

Me er takksame for framsnakk og delingar av annonsa som ligg på Finn med kode 30724256 og hos Aktiv Eiendomsmegling https://aktiv.no/bolig/boliger-til-salgs/bakkasund-bahus-29-111714862

Håpar me sjåast i sommar!☀️😎😍

Unik eiendom på en liten holme i Bakkasundet på Austevoll. Mange muligheter!

Spektakulær dag for oss på Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter, i går🤩
21/06/2023

Spektakulær dag for oss på Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter, i går🤩

Me gledar oss til sommarkonsert med Slogmåkane på laurdag😎☀️Me er overtydd om at mat, drikke, musikk og gode venar er de...
08/06/2023

Me gledar oss til sommarkonsert med Slogmåkane på laurdag😎☀️

Me er overtydd om at mat, drikke, musikk og gode venar er den perfekte oppskriften på ein minnerik kveld🤎

Gratis shuttlebåt mellom Bakkasund og Olaskjeret🤩

MAT
Frå kl 17.00-19.00
* Olaskjeret krema fiskesuppe med brød og smør.
Kr 250,-
* Rekeskål med nysteikt brød og majones. Kr 250,-
Send mail til [email protected] for matbestilling

Champions Leaguefinalen vil gå på storskjerm i Kvitanaustet,for dei som er interessert i det⚽️

Kom i finaveret og nyyyyt ein stemningsfull kveld på Olaskjeret😍

Billettar på https://olaskjeret.easyticket.no/produkt/slogmakane-10-juni/

olaskjeret

SLOGMÅKANE PÅ LAURDAG 10.JUNIPraktisk info❗️TELTArrangementet foregår i stort telt som er rigga over terrassedekket på O...
04/06/2023

SLOGMÅKANE PÅ LAURDAG 10.JUNI

Praktisk info❗️

TELT
Arrangementet foregår i stort telt som er rigga over terrassedekket på Olaskjeret⛺️
Det er scene i teltet og sittegrupper både inne og ute😎

BÅTSKYSS
Båtskyss går i shuttle frå kl 17.00 frå North Sea Shipping si bryggje⚓️. Parkering med bil på gamle fergeleie på Kvaløy.

MAT
Frå kl 17.00-19.00
* Olaskjeret krema fiskesuppe med brød og smør.
Kr 250,-
* Rekeskål med nysteikt brød og majones. Kr 250,-

Om du ynskjer mat gje oss ein lyd på
📩 [email protected], med info om antall personar og matval,slik at me kan berekne mat og reservere bord😋
NB! Reservering av bord er forbeholdt dei som skal spise.

DRIKKE
Det blir drikkestasjon/ bar kor ein kan kjøpe øl, vin, cider og drinkar🍻🥂🍷

KONSERT
Kl 20.00 entrar måkane scena og lovar eit forrykande show🤩

NATTMAT
Hotdogs serverast frå kl 23.00🌭

Båtskyss tilbake til Bakkasund frå etter konserten.

ARANGEMENTSLUTT KL 01.00.

Billettar finn du her: https://olaskjeret.easyticket.no/produkt/slogmakane-10-juni/

Kom og kos deg glugg i lag med oss🥰

olaskjeret

Hu Maggi performed by Slogmåkane. The song is taken from the album: "Row And A-Hollar" The music is available on iTunes, Amazon, Spotify and Wimp.

01/06/2023

Knallgøy med teambuilding🤩

🎶SLOGMÅKANE🎶10.juni kjem dei karismatiske og energiske Slogmåkane til Olaskjeret!🤩Mannskoret frå Karmøy som har si sterk...
01/06/2023

🎶SLOGMÅKANE🎶

10.juni kjem dei karismatiske og energiske Slogmåkane til Olaskjeret!🤩

Mannskoret frå Karmøy som har si sterke tilknytning til shanty, ny-keltisk, irsk og skotsk folkemusikk, tar eit kvart publikum med storm med si uhøgtidlege opptreden og energi😍

Slogmåkane har sidan suksessen med 3. plass i Norske Talenter spelt for fulle konsertsalar og festivaltelt i heile sør- Noreg
Me gledar oss til dei skal fylle Olaskjeret med godstemning😍😍😍

Holmen er open for servering fra kl 17.00, med kalde drikker og ein matbit🥂🍺😋

Konsertstart kl 20.00

Festen fortsetjer etter konserten- inntil 01.00🕺🏼💃

Aldersgrense: 20 år

Alle rettighetar hjå oss
�Båttransport i skyttel frå Bakkasund frå kl 17.00 �
Begrensa med billettar så sikre deg billett allereie i dag🤎

Med sin sterke tilknytning til shanty, ny-keltisk, irsk og skotsk folkemusikk, har Slogmåkane opparbeidd ein publikumsvenleg stil og lydbilete gjennom bruk av tradisjonelle instrumenter, smelta sømlaust saman med bass og og trommer. Karismatiske vokalister og eit energisk 20 manns kor i uhøytidel...

24/05/2023

Olaskjeret i vårt 🤎

🎶SLOGMÅKANE🎶10.juni blir det skikkeleg liv på Olaskjeret🤩Kva passar vel ikkje betre enn god, stemningsfylt shantymusikk ...
23/05/2023

🎶SLOGMÅKANE🎶

10.juni blir det skikkeleg liv på Olaskjeret🤩

Kva passar vel ikkje betre enn god, stemningsfylt shantymusikk på holmen som har mykje fiskerihistorie med seg?😍

Tenk om forfedrane våre, som jobba på Olaskjeret med sildesalting, fiksa på nøter og vedlikeholdt doryane, kunne sleppe det dei heldt på med og vere med på ein slik kveld?🤎

Ta med deg ein ven eller to eller ti, og bli med å heidre dei som ein gong utgjorde ein av dei største arbeidsplassane på Bakkasund🤎

Billettar bookast på:
https://olaskjeret.easyticket.no/produkt/slogmakane-10-juni/

Holmen er open for servering fra kl 17.00, med kalde drikker og ein matbit🥂🍺😋

Festen fortsetjer etter konserten- inntil 01.00🕺🏼💃

Aldersgrense: 20 år

Alle rettighetar hjå oss
�Båttransport i skyttel frå Bakkasund frå kl 17.00

ALLSONG PÅ LAURDAGPraktisk info❗️TELTAllsangen foregår i stort telt som er rigga over terrassedekket på Olaskjeret⛺️Det ...
18/05/2023

ALLSONG PÅ LAURDAG

Praktisk info❗️

TELT
Allsangen foregår i stort telt som er rigga over terrassedekket på Olaskjeret⛺️
Det er scene i teltet og sittegrupper både inne og ute😎

BÅTSKYSS
Båtskyss går i shuttle frå kl 17.00 frå North Sea Shipping si bryggje⚓️. Parkering med bil på gamle fergeleie på Kvaløy.

FOTBALL
Cupfinalen vil gå på storskjerm i teltet, for dei som er interessert i det⚽️

MAT
Frå kl 17.00-19.00
* Meksikansk gryte med tortillachips, guacamole, rømme og ost
* Rekeskål med nysteikt brød og majones

Treng tilbakemelding på [email protected], innan morgondagen, fredag, dersom ein ynskjer mat.
NB! Reservering av bord er forbeholdt dei som skal spise.

DRIKKE
Det blir drikkestasjon/ bar kor ein kan kjøpe øl, vin, cider og drinkar🍻🥂🍷

ALLSONG
Kl 20.00 må du reinske stemma og synge saman med våre lokale, dyktige artistar🤩

NATTMAT
Hotdogs serverast frå kl 23.00🌭

Etter allsangen inntar Sigve, Dj- disken og vil spele slik at du kjenn det rykke i rockefoten🕺🏼💃🤩

Båtskyss tilbake til Bakkasund frå etter allsangen.

ARANGEMENTSLUTT KL 01.00.

☀️SOMMARKAFE☀️På torsdag og fredag, 18. og 19. mai, tjuvstartar me sommarkafe’en på Olaskjeret 😍Me serverar bl.a Olaskje...
16/05/2023

☀️SOMMARKAFE☀️
På torsdag og fredag, 18. og 19. mai, tjuvstartar me sommarkafe’en på Olaskjeret 😍

Me serverar bl.a Olaskjeret krema fiskesuppe, reker med nybakt brød og italiensk pizza😋

Kuleis og milkshake vonar me får fram sommarkjensla🍧☀️

Opningstider:
18. og 19. mai frå kl 12.00-18.00

Kjem du med eigen båt, kan du legge til ved gjestebryggja vår. Kjem du med bil kan du parkere på gamle fergeleie på Kvaløy. Gå (2min) rett over til North Sea Shipping så hentar me dykk ved bryggja der🛥

Ta kontakt med oss på 92653369 eller 90192826, eller e-post [email protected]

Grupper på over 10 pers rår me til å reservere bord.

Hjarteleg velkomen til oss på Olaskjeret; me gledar oss til sjå deg😍

Klar for å feire to kjekke konfirmantar💙💙
13/05/2023

Klar for å feire to kjekke konfirmantar💙💙

I år som i fjor har me fått selskapstelt frå PS- Selskapsutleie😃 Driftige og flinke folk👏🏼🤩👏🏼
07/05/2023

I år som i fjor har me fått selskapstelt frå PS- Selskapsutleie😃 Driftige og flinke folk👏🏼🤩👏🏼

🌿JA ME ELSKAR, 17.MAI!🌿Kom og nyt 17.maikvelden på Olaskjeret!🇳🇴Ta med deg mannen, kåno, vennen, naboen, kjenningen og n...
01/05/2023

🌿JA ME ELSKAR, 17.MAI!🌿

Kom og nyt 17.maikvelden på Olaskjeret!🇳🇴

Ta med deg mannen, kåno, vennen, naboen, kjenningen og nyt kvelden på Olaskjeret med stemningsfull Live- musikk🎶🎤😍

Frå kl 18.00 opnar me holmen og då serverar me:

God gamaldags rømmegraut, servert med spekemat, flatbrød og kringle🫕🥨
Pris: kr 250,-

Italiensk pizza i tre ulike variantar🍽️🍕
Pris: kr 220,-

Minipavlova med frisk frukt og bær toppa med limekrem🍓🫐
Pris: kr 150 inkl kaffe☕️

Båtavgangar frå Bakkasund mellom kl 18.00 og 19.00. Siste retur kl 00.00
Pris: kr 50,- tur/retur
Kan også kome med eigen båt🚣🏽‍♀️

Me har bobler på kjøl og elles anna som kan freiste🥂🍾

Bordbestilling og menyval sendast til:

📩 [email protected] eller på 📲 90192826

Me ynskjer stemingsfulle gjestar hjarteleg velkomne🥂😎

På fyrstkomande torsdag, 04.05, frå 12.00, gjennomfører leverandør puljevis praktisk del til høyhastighetsbevis, på Olas...
30/04/2023

På fyrstkomande torsdag, 04.05, frå 12.00, gjennomfører leverandør puljevis praktisk del til høyhastighetsbevis, på Olaskjeret. Teoretisk må takast på førehand hos Redningsselskapet.

Send e-post til post@olaskjeret eller ring 92653369, dersom du ynskjer å delta.

Audmjuk over å få pynte til konfirmasjonsfeiring i helga💕  Superhyggelig konfirmantmor kom med ønska pynt og flinke deko...
29/04/2023

Audmjuk over å få pynte til konfirmasjonsfeiring i helga💕 Superhyggelig konfirmantmor kom med ønska pynt og flinke dekoratørar ordna til lokalet. Vart det ikkje fint?💕

I komande sesong er me heldige å ha nydelege, Ona Totland, med på laget😍Ona, på 43 frå Sund på søre Sotra. Elskar å spre...
25/04/2023

I komande sesong er me heldige å ha nydelege, Ona Totland, med på laget😍

Ona, på 43 frå Sund på søre Sotra.
Elskar å spre matglede og er glad i nye utfordringar. Utdanna kokk frå Bergen og Frankrike. Med erfaring frå inn- og utland i restaurant, a la carte, hotell, selskap, catering og kantine🧑🏻‍🍳

Jobbar til dagen som yrkesfaglærar på Sotra Vgs for flotte ungdommar som skal opp og fram i bransjen👩🏼‍🍳🧑🏻‍🍳👩🏼‍🍳🧑🏻‍🍳👩🏼‍🍳🧑🏻‍🍳

I fjor sommar på kafeen fekk me kjenne på varmen, tryggheten og profesjonaliteten, Ona utstrålar. Ikkje berre laga ho nydeleg mat men måten ho inkluderte borna på kjøkkenet var rørande å vera vitne til🤎

Me gledar oss til fleire gylne øyeblikk med Ona og ynskjer alle velkomen ila sommaren til å smake på maten hennar😋😋😋

24/04/2023

🎶ALLSONG PÅ OLASKJERET🎶

20.mai blir Olaskjeret fylt med bymann og stril, musikkglede, gode smakar, felleskap og godstemning! Alt me elskar!🤎

Konferansier Sissel Fagerbakke leiar oss gjennom kvelden og saman med henne fyllast scenen med dei dyktige artistane, Andrea Vaage, Henrik Vaage, Roald Storebø & Sigve Solbakken. 🎤🎼🤩

Olaskjeret opnar 17.00 og då serverar me:
🥑Meksiansk gryte med guacamole, rømme, ost og tortillachips: kr 250,-
🍤Reker med heimelaga aioli og nysteikt focaccia: kr250,-

Om du ynskjer mat gje oss ein lyd på
📩 [email protected], med info om antall personar og matval,slik at me kan berekne mat og reservere bord😋

Festen fortsetjer med Dj Sigve etter konserten- inntil 01.00🕺🏼💃🕺🏼💃🕺🏼💃

Aldersgrense: 20 år

Alle rettighetar hjå oss
�Båttransport i skyttel frå Bakkasund frå kl 17.00 (50 kr tur/retur)

Det byrjar å minke på billettane så om du vil sikre deg ein kveld fylt med herlege menneske, sommarkjensle og knallbra musikk, så må du vera raske på labben🥰

Billettar kjøp du her:

https://olaskjeret.easyticket.no/produkt/allsang-pa-holmen-20-mai/

Håpar å sjå deg🤎

Adresse

Bahus 29
Bakkasund
5385

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Olaskjeret - Austevoll Opplevingssenter:

Videoer

Del


Kan hende du også liker