13/11/2024
(DEL GJERNE)
⭐️ DEN LOKALE MATEN I GLOPPEN ⭐️
I kvar ei lita bygd i vårt langstrakte land jobbar det folk som brenn for lokale verdiar, tradisjonar og smak. Dei brenn for at eg og du skal kunne nyte kortreist og lokalt, og dei brenn for arbeidet til generasjonane før, og etter seg.
I Gloppen er det ikkje mangel på slike menneske. Desse menneska som held liv i nettopp tradisjonar, verdiar og kunnskap, og ikkje minst smak og kvalitet.
Dei jobbar seint og tidleg - nesten heile tida. Dei smakar og utviklar. Dei prøver og dei lærer. Dei utfordrar og tør.
Det er mange grunnar til å besøke Gloppen, og maten er heilt klart éin av dei.
🥨 På Bakar Jon er det lys i lokala når du ligg å søv, slik at du skal kunne kjøpe deg ferske brød og bollar på morgonen. Bak disken smiler dei bredt, for dei kan tilby deg eit stort utvalg lokale varer. Mellom anna urtekrydder frå Høgt og Vilt, ost frå Kandal ysteri og gardsmat og Frisider frå Gardsbrenneriet.
⛰️ I Kandalen luktar det deileg av middgasbuffeten inne på Sølvane Gard, geitost frå ysteriet og spekemat frå Kandal Kjøtt. Her jobbar mellom anna Torstein, Erlend, Jorun-Beate og Paul for at du skal få oppleve ein del av magien i denne vakre dalen!
🍎På Nordsida av Gloppefjorden deler fruktbøndene på kunnskapen og tradisjonane, i det dei utviklar produkta sine. På Gardsbrenneriet er eit univers av kjemi, smak og nysgjerrighet vegen til suksess. Hjå Påldtun frukt og bær gjer kontrastane mellom dyrking i frukthagen, og turistar på besøk i hyttene kvardagen spennande. Tystad Fruktgard held fram med å dyrke epler, slik dei no har gjort i fire generasjonar. “YR”, eplemost med kolsyre, er éit av deira populære produkt! På Sjure Eplepresseri er kvaliteten sikra med “Spesialitetsmerket” på fleire av deira produkt. Smaken på mosten er frisk, rund og søt!
🐮Opp mot fjellsidene på Rauset beitar flotte anguskyr året rundt. På gardsutsalet til Kvitfella feriehytter er kjølen fylt med ferske kjøttvarer, i tillegg til varer frå andre lokale produsentar, som Tystad Fruktgard, Påldtun Frukt og bær og Sårheim Gard.
🥙 Rundt lunsjtider er det trangt om plassane når alle vil sikre seg ein blings, noko søtt og ein varm kopp kaffi på Lauget kaffi & kultur. Også dei er opptekne av lokale smakar, og nytter difor lokale råvarer i sesong, og sel honning frå bygda på flotte glas.
👩🍳Inne i varmen på Gloppen Hotell er konsentrasjonen høg når sesongens smaksmeny perfeksjonerast. Igjen er lokale råvarer, smak og tradisjon sentrale ord. I tett dialog med dei lokale produsentane utviklar hotellet den perfekte menyen basert på sesongens varer.
🎉 Som ei feiring av maten, arrangerast Matamål - matfestivalen i Sogn og Fjordane kvar haust her i Gloppen. Gjennom denne feiringa hyllar vi produsentane, råvarene og arbeidet bak. I år opplevde festivalen stor suksess med det 14-dagar lange arrangementet som bestod av mellom anna mat-arrangement som vinsmaking på Sølvane Gard, tapaskveld på Bakar Jon og surdeigskurs på Gloppen Hotell. Foredrag og kurs, og ikkje minst den store torgdagen!
I Gloppen er vi svært stolte av å ha so mange lokale mat- og drikkeprodusentar. Dei utviklar produkt og tradisjonar. Dei gjer oss smaksopplevingar, saman med kultur og historie. Dei jobbar for at eg og du skal kunne nyte kortreist, rein og velsmakende mat - og det er vi utruleg takknemmelig for!
Dei som er nevnt over er kun nokre av dei.
⭐️ Kva gjer du for å støtte opp under lokal matproduksjon?
Handlar du direkte frå bonden? Handlar du lokale varer i butikken? Deltar du på aktuelle arrangement? Kjøper du lokalmat- og drikke når du skal gje ei gåve til nokon du er glad i? Eller kanskje er du flittig på å ete på kaféar og restaurantar som bruker lokale råvarer?
❤️ Fortell oss i kommentarfeltet kva du gjer
❤️ Og kva lokale produkt frå Gloppen du lika