Brokke.com er familiens fjellbygd kun 2 timar frå Kristiansand, Arendal og Stavanger. Familiens stad både vinter og sommar!
(30)
27/09/2024
Er du klar for haustferien? Det er me🤩
Brokke Alpinsenter har ope kvar dag frå 12-18(17.30) og har mykje godt å by på🍔🍕🍩
I morgo er det tid for den årlege Sauesjåmarknaden i Valle med mykje gama for både store og små. Det blir trylleshow, brannbamsen Bjørnis kjem, det same gjer kulturpatrulja og det blir Sauedans med Bootlegs!!! Dette vil du ikkje gå glipp av🤩 Sauesjå er både laurdag og sundag!
Ha ein fin fredag og køyr forsiktig🚗💨
26/09/2024
Me gler oss til nytt skirenn i Brokke🤩
Når starter du opp treningen🤩
.
24/09/2024
24/09/2024
Det nærmer seg HAUST24 og det er ny rekord på antall utstillarar og aktivitetar, og me håpar på rekordbesøk også i år🥰 Uansett skal me gjere det me kan for at heile familien kan nyte dagen på Juvet i Brokke🥰
I dag opner kafeen igjen og er klare for å ta imot deg frå 12-18(17.30) kvar laurdag og sundag🤩
I dag arrangerer Valle IL kretsmesterskap i rulleski, så ta turen for å kikke og heie🤩
🚲pumptracken vil være stengt fra 12-16 i dag, men ellers er utleien open og su kan ta en runde minigolf eller en tur i klatreveggen☺️
Nyt laurdagen☺️
19/09/2024
Denne helga bør du ta turen til Brokke! Iva og Guglielmo kjem heim att og åpner kafeen med full meny att på laurdag og sundag frå 12- 18🥰 Og laurdag er det også duka for den aller første konkurransen i rulleskiløypa i Brokke. Då skipar Valle IL til med Kretsmesterskap i Rulleski og det blir Team Elon Vest samling🤩
Du tek vel turen?
Me kan nesten ikkje vente, laurdag 5. oktober skal Juvet igjen fyllast opp av utstillarar, aktivitetar, musikk og mykje godt å bite i😋 Er du klar for HAUST24?
Det er fredag og om du ikkje tek turen over til Seljord på Dyrskun, så anbefaler me verkeleg ein tur på fjellet denne helga🍂🥾 Hausten har kome, og det er endeleg nokre små minusgrader på nettene😉
Så pakk sekken, tenn eit bål og nyt dagane ute🍂☀️🍁
09/09/2024
Valle IL inviterar til fotballskule i haustferien og ynskjer alle som vil velkomne. Meir informasjon og påmelding finn du på lenka!
For ein dag🤩 Så gama å sjå alle små og store som verkeleg kosa seg med både kurs og konkurranse🤩 Tusen takk til Valle Il som var led å arrangerte og ikkje minst tusen takk til Håkon Fredrik Leinebø som sørger for mykje læring🚲
Me gler oss allereie til neste år☀️☀️☀️
07/09/2024
Endå ein flott dag er i emninga, og det er mykje som er på planen i dag☀️ Det er både kurs og konkurranse i pumptraken, gratis for alle som vil. Valle Il har sal av både pølser, brus og kaker, og det er i tillegg ope i ustyrsbua så du kan leige både sykkel minigolf og anna☺️
Sølvgarden inviterar også inn til ein kveld med Åsmund Åmli, så har du lyst til å nyte kvelden med flott musikk, er Sølvgarden Hotell og feriesenter plassen å reise i kveld😉🎶🎙
Husk uansett å nyt sola, uansett om det blir på hytteverandaen, på fjelltur eller saman med oss på pumptracken☺️🤩
05/09/2024
Laurdag er det først kurs i pumptracken med tidligare norwgsmeister i Pumptrack, Håkon Fredrik Leinebø☺️ Så avsluttar med med ein konkurranse på tid med premier til alle🤩 Det er gratis å stille🤩
Utleigen er open frå 11, om du treng sykkel og Valle IL har matsal med både kaker, pølser og brus☀️☀️☀️
01/09/2024
Hausten har offisielt kome, men det er framleis sommervarme☀️
Kor skal du nyte dagen i dag?
30/08/2024
Er bilen pakka, eller har du allerede sett kurset mot Brokke🚗💨 Denne helga er det meldt om skikkeleg flott haustveir, og det er berre å kome til fjells for å nyte🫐🥾🍂
Sjekk brokke.com for turtips😉
29/08/2024
Haust24 nærmer seg og vi har mye spennende på programmet i år også🤩
27/08/2024
Har du sett av datoen? Laurdag 7.september frå kl 12 er det igjen tid for Pumptrack Kurs og konkurranse i Brokke!
Valle IL stiller med matsal, så her får du både pølser, kaker, kaffe og brus, og me set ut mange benker slik at du kan nyte dagen!
Håkon Fredik Leinebø er godt kjent i Brokke og kjem nå for tredje året og har kursor dei som vil, og avsluttar med ein konkurranse på tid.Det er gratis å stille☺️
Sølvgarden Hotell og feriesenter avsluttar dagen med akustisk kveld med Åsmund Åmli🎵
Med over 35 hytter som skal byggjast i sommer er me glade for at byggjestoppen er oppheva, og endå fleire kan søkje om å byggje😉🔨🏠
Har du ein hyttedraum?
I Brokke har me plass til endå flere og me jobbar konstant med å utvikle destinasjonen med fokus på at heile familien skal trivast🤩 Nyheiter i år er klatrevegg og lekeapparater på Brokke Alpinsenter, samt fotballgolfbane. Dette kjem i tillegg til Agders største pumptrack, ny rulleskiløype med ljos og snøkanonanlegg, Via Ferrata, 18 hulls Frisbeegolfbane og Minigolf🚴⛳️🥅🥏⚽️
Så har me mange mil med fantastiske skispor, eit flott alpinanlegg med stolheis og fleire nedfarter og trekk, og ikkje minst den kanskje beste kafeen (iallfall maten) på Brokke Alpinsenter🏂🎿🍔🍕🥗
Og mykje mykje meir🥾🎣🫐
I Brokke kan du få ein ferdigbygd draum for alt frå 2,2 millioner💸 eller ei tomt du kan byggeakkurat den hytta du vil for alt frå 490 000kr🤩🔨🏠
Me er glade for at me no kan informere om at byggestoppen for nye hytter i Brokke er oppheva. Brokke Vatn og Avlaup har fullført ein viktig utviding av renseanlegget, som no kan handtere avlaupsvatn frå 100-150 nye hytter. Dette betyr at me igjen kan ynskje nye hytteeigarar velkomne til Brokke, ut...
17/08/2024
Skulane starter opp att og hverdagen er tilbake, og det betyr at dei gode dagane på hytta med lange turar, fyr i peisen og mykje godt i sekken akkurat har starta😉😍 Visste du at me framleis har nokre ledige tomter, så har du ein hyttedraum er du velkomne til å ta kontakt🤩 https://www.brokke.com/no/hytte-brokke
15/08/2024
Byggestans er oppheva og byggjesøknader vert behandla på ordinært vis🤩
Me gler oss til normal aktivitet i Brokke igjen🔨
I mai kom det melding frå Statsforvaltaren om at avløpsanlegget i Brokke ikkje var i samsvar med gjeldande regelverk, og alt av nye tiltak som krev tilkobling til anlegget vart sett på vent. No er byggjestansen over.
14/08/2024
Til laurdag er det tid for VALLE SKYRACE, og det er over 100 stk som er påmeldte! Yr melder om flotte forhold for ein fjelltur og der fleire distanser å velje mellom, så meld deg på i dag, dette er det den største utfordringa i sommar!
Du kan velje mellom 3 distanser:
🏃♀43 km, 2600 høgdemeter
🏃23km, 1700 høgdemeter
🏃♂️14 km, 700 høgdemeter
🏃♀️🏃🏃♂️eller barneløpet i sentrum😊
Med andre ord, her er eit løp for alle🏃♀️🏃🏃♂️
Stillar du?
11/08/2024
Nyt ein velfortent ferie, me gler oss til 21.september☺️🤩
Da var vi i gang med sommersesongens siste åpningsdag☀️.
Kafeen og Utstyrsbua har åpent fra 12:00-18:00 i dag😊.
Neste åpningsdag er lørdag 21. september. Da er det også kretsmesterskap i rulleski i rulleskiløypa😁.
Vi takker så mye til alle som har vært innom i sommer og håper på å se alle sammen av dere i løpet av høsten og vinteren også😉.
Visste du at vi (destinasjonen) heile tida jobbar med å gjere Brokke til ein heilårsdestinasjon, og ikkje berre ein vinterdestinasjon! For å gjere dette har med ett på plasss mange nye flotte aktivitetar dei siste åra, og me jobbar stadig med å få på plass fleire🤩
Me har bygd Agders største pumptrack, me har ei flott rulleskiløype med ljos og snøkanonanlegg som sikrar tidlege langrennspor😉 Me har ein 18 hulls frisbegolfbane, me har enn minigolfbane, ein fotballgolfbane, ballbinge og ikkje minst så har me fått på plass mange lekeapparater utanfor kafeen, dei er det Stock som har sett opp som utstilling hos Brokke alpinsenter😊 Me har ein via ferrata i Løefjell, sykler for utleige og mange flotte badeplassar og turstiar☺️
Og ikkje minst så har kafeen vanvittig god mat og ope kvar dag om sommaren😁 Men vil du nyte kaffen, må du tar tuen innom nå før måndag, for då tek dei ein liten pause fram til og med 20.september, etter det er det ope kvar helg☺️
Ps. kjenner du nokre som kunne tenke seg å vere med Iva og Guglielmo, og skape den aller BESTE skisenterkafeeen, så send oss gjerne ein melding😍
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brokke.com legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Bedriften
Send en melding til Brokke.com:
Videoer
Nissen kjem til Brokke
På jolaften kjem nissen til Brokke, så når klokka nærmar seg eitt er det lurt å kikke litt ekstra opp🎅
Laurdag 7.oktober er det tid for Haust23🍂 I år er det litt meir av alt! Det blir mykje god mat, mange utstillarar, mange akivitetar og ikkje minst flott lokal folkemusikk! Haust er som alltid på Djuvet ved siden av Brokke Alpinsenter, og er du i tvil, så ikke ver redd. Me skiltar godt i god tid før😉 Me gler oss og ynskjer alle velkomen🍂🍂
Brokke er ein heilårsdestinasjon med uendelege turmoglegheiter! Det er 5 mil med oppkjørte langrennsløyper som strekker seg frå hyttefeltene og inn i høyfjellet! Anten du vil ha ein liten tur med familien eller ein treningstur finn du noko for deg! I tillegg er det fleire flotte toppturer i nærområdet!
Brokke Alpin med sine 6 nedfarter og 4 heiser, ein stolheis to trekk og eit barneband, er eit populært mål for både vasken og born. I tillegg jobbar me stadig med å utvikle parken, og den er i dag eit ynda mål for ungdommen!
I området rundt Brokke er det fire flotte toppturer som er merka, i tillegg til fleire turar som er merket av DnT. Brokke er utgangspunktet for fleire at turene til turisthyttane.
Er du glad i molter? Du er Brokke eit eldorado, men med godt bevarte hemligheiter om kor dei beste områda er..
Har du ein hyttedraum? Då kan den bli til virkelighet i Brokke! Her er fleire hyttefelt å velge, og det beste av alt er at Brokke har mange byggmestere som kan hjelpe deg å oppnå akkurat din Hyttedraum!
Det aller beste med Brokke er at om sommeren kan du gå litt nedover elva og finne kulpene. Her er ein kulp for einkvar smak. Vil du dyppe deg i eit lite badekar, sli ned ein av dei berømte skulane som naturen har laga eller vil du teste hoppet?