FUS Sogn

FUS Sogn Vi tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte. Du får tilgang til rådgjevarar, faglege- og sosiale arrangement, og sjølvsagt kontorfasilitetar og møterom.

Følg oss for å få informasjon om kurs, arrangement og nettverkstreff!

30/07/2021
25/03/2020

En veiledning til hva som må gjøres i forhold til permitteringer. Nye regler gjelder i forbindelse med de økonomiske situasjonen til mange bedrifter i under corona-utfordringer i Norge

17/03/2020

Koronakrisa har ramma næringslivet hardt. Å sikre folkehelsa og det økonomiske livsgrunnlaget for bedrifter og personar vil vere avgjerande framover. Vi treng eit levande næringsliv i Sogndal kommune også etter krisa. Sogn Næring, som kommunen sin forlengja arm ut mot næringslivet, har rigga ...

Har de styremedlemmer som treng eit kompetanseløft?
15/02/2019

Har de styremedlemmer som treng eit kompetanseløft?

Lær meir om godt styrearbeid og god bedriftsutvikling med Rolf-Erik Disch frå Deloitte.

Driftig i Sogn og Fjordane arrangerer etablerarkurs i Sogndal! Kurset går over 3 samlingar, alle utanfor ordinær arbeids...
29/10/2018

Driftig i Sogn og Fjordane arrangerer etablerarkurs i Sogndal! Kurset går over 3 samlingar, alle utanfor ordinær arbeidstid. Vurderer du å starte bedrift, eller er allereie starta og ser at du treng litt kompetansepåfyll, nettverk og inspirasjon - kast deg rundt og få med deg dette kurset! Oppstart førstkomande torsdag!

Tid og stad: 8.nov, Quality Hotel Sogndal - Kun 8 påmeldte så langt - grip sjansen og meld dykk på! Kurset er på 3 samlingar i november, alle utanfor ordinær arbeidstid. The Lean Startup Etablerarkurs byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeld

Neste veke startar vi oppatt med Frisk Nakke - 15 min nakketrening kvar onsdag! Frisk Nakke vert gjennomført av sprudlan...
11/10/2018

Neste veke startar vi oppatt med Frisk Nakke - 15 min nakketrening kvar onsdag! Frisk Nakke vert gjennomført av sprudlande Maren Mølnås, fysioterapaut ved Idrettssenteret A/S!

FuS startar opp att med nye økter med Frisk Nakke - 15 min nakketrening kvar onsdag kl. 14:00. Frisk Nakke er 15 min nakketrening 10 onsdagar på rad frå og med 17. oktober til og med 19. desember. Nytt i haust er at vi også får “Vekas øving” - då har vi noko å arbeide med fram til neste ...

Inkubatorprogrammet til Kunnskapsparken er del av miljøet i FuS - og i FuS er det plass til både gründerar i tidleg fase...
01/10/2018

Inkubatorprogrammet til Kunnskapsparken er del av miljøet i FuS - og i FuS er det plass til både gründerar i tidleg fase, inkubatorbedrifter, og etablert næringsliv! Ta kontakt med oss i dag for å vite meir om tilbodet til FuS!

Vi takkar for tilliten og vi skal fortsette å levere gode tenester som bidreg til å gjere bedriftsutviklinga meir effektiv og dermed auke vekst, verdiskaping og overlevingsevne for våre inkubatorbedrifter. Ein slik anerkjenning viser at vårt tilbod når fram og kan byggje opp fleire nyvinningar....

Effektivisering, digitalisering, automasjon, robotisering og industri 4.0, er tema for Teknoløftet. Målet er å byggje ko...
26/09/2018

Effektivisering, digitalisering, automasjon, robotisering og industri 4.0, er tema for Teknoløftet. Målet er å byggje kompetansemiljø i HVL og VF for å kunne bidra best muleg til bedrifter si utvikling.
I praksis kan det innebere utdanning av arbeidskraft med relevant kompetanse, konkrete problemstillingar som utgangspunkt for studentoppgåver eller case som forskarane kan anvende i si forsking på. Dialog og samhandling med næringslivet blir såleis viktig, og aktørane i Teknoløftet inviterer til samling på Thon Hotell Jølster onsdag 7 november kl 10-14.

Teknoløftet Sogn og Fjordane (HVL, VF, Kunnskapsparken, Sintef) inviterer til samling på Skei. Referansegruppa, styringsgruppa og alle interesserte frå næringslivet er invitert for å drøfte behova i næringslivet for etter- og vidareutdanningstilbod, studentoppgåver, kva relevante case stipen...

Gratulerer Sognefjord Kaffibrenneri! Lyst å høyre meir om dette eventyret? Kom på arrangementet På sparket med Sognefjor...
25/09/2018

Gratulerer Sognefjord Kaffibrenneri! Lyst å høyre meir om dette eventyret? Kom på arrangementet På sparket med Sognefjord Kaffibrenneri, der vil kaffigründaren sjølv fortelje om alle opp- og nedturane siste halvanna året, men også kva som er utfordringane nett no!

Berre eit drygt år sidan etter oppstarten tok Kjetil Russenes og Sognefjord Kaffibrenneri ein tredjeplass i prestisjetung kaffikonkurranse.

Veit du kva nøkkeltal du skal sjå etter i proff når du vurderer om du vil ha ei bedrift som kunde, leverandør eller sama...
19/09/2018

Veit du kva nøkkeltal du skal sjå etter i proff når du vurderer om du vil ha ei bedrift som kunde, leverandør eller samarbeidspartnar? Visste du at sjølv om likviditetsgrada til bedrifta du ser på synest god ved første augnakast, så er det eit par postar i rekneskapen du likevel bør sjekke ut for å vurdere om du skal be om forskotsbetaling eller ikkje?

Dette og meir til var tema i bedriftspresentasjonen frå Azets Norge. Fekk du ikkje med deg presentasjonen? Azets har kontorlokaler i FuS kvar onsdag, og dei tek gjerne eit møte med deg!

Veit du kva nøkkeltal du skal sjå etter i proff når du vurderer om du vil ha ei bedrift som kunde, leverandør eller samarbeidspartnar? Visste du at sjølv om likviditetsgrada til bedrifta du ser på synest god ved første augnakast, så er det eit par postar i rekneskapen du likevel bør sjekke ...

Mellom 25 og 30 personar møtte til det spennande foredraget frå Vestlandsforsking om korleis naturen kan verdsetjast sis...
17/09/2018

Mellom 25 og 30 personar møtte til det spennande foredraget frå Vestlandsforsking om korleis naturen kan verdsetjast sist veke! Denne veka er det to FuS-arrangement og vi håpar på like sterkt oppmøte til "Ein kvardag med oversikt og kontroll på tala" frå Azets Norge på onsdag, og "frå idè til marknad" frå Innovasjon Norge Sogn og Fjordane på torsdag! Vel møtt! (Hugs påmelding til IN sitt arrangement torsdag, på onsdag er det drop-in, men trykk gjerne attending på arrangementet på facebook!)

Vestlandsforskning har utarbeida ein rapport om verdsetjing av urørt natur på oppdrag fra NCE Tourism Fjord Norway. Det var forskar Torkjel Solbraa som kom til FuS og fortalde om prosjektet. Mellom 25 og 30 personar møtte for å vite meir om dette spennande fagfeltet og forskingsprosjektet. Bak

Sist veke arrangerte FuS eit introkurs i Forretningsmodellering med forretningsutviklar Roger  Ulvestad i Kunnskapsparke...
13/09/2018

Sist veke arrangerte FuS eit introkurs i Forretningsmodellering med forretningsutviklar Roger Ulvestad i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Kurset var opent for alle og gratis. Det var 6 deltakarar på kurset, og alle var godt nøgde med økta!

Fekk du ikkje med deg kurset? Ynskjer du at vi skal arrangere eit til? Ta kontakt med oss på [email protected] for ein prat!

Sist veke arrangerte FuS eit introkurs i Forretningsmodellering med forretningsutviklar Roger Ulvestad i Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Kurset var opent for alle og gratis. Det var 6 deltakarar til kurset, som alle var godt nøgde med økta! Fekk du ikkje med deg kurset? Ynskjer du at vi skal

Det offentlege kjøper varer og tenester for 500 mrd kr årleg! Kva gjer di bedrift for å nå opp i anbodskonkurranser? Kor...
04/09/2018

Det offentlege kjøper varer og tenester for 500 mrd kr årleg! Kva gjer di bedrift for å nå opp i anbodskonkurranser? Korleis skal di bedrift få innpass i denne marknaden? 🤹 Ta kurset om offentlege anskaffingar og bygg kompetanse du treng for å VINNE anbod! 🥇

Lær om de nye reglene i offentlige anskaffelser fra A til Å. Er du oppdragsgiver eller skal levere tilbud til det offentlige, må du kjenne regelverket.

Lyst å starte nettbutikk? No ligg all kunnskapen du treng for å kome i gong på nett! Opptaket frå kurset i Sogndal er ti...
04/09/2018

Lyst å starte nettbutikk? No ligg all kunnskapen du treng for å kome i gong på nett! Opptaket frå kurset i Sogndal er tilgjengeleg i fire veker.

Fekk du ikkje med deg kurset om netthandel? Kurset vart strøyma, og er tilgjengeleg i fire veker. Kva lærer du? Kurset fokuserer på verdikjeda, val av plattform, betalingsløysing, logistikk og vedlikehald av nettbutikken, samt marknadsføringskanalar og internasjonalisering. Kursleiar var Kenne

Fekk du ikkje med deg kurset om marknadsføring i sosiale medium sist veke? Då kan du sjekke ut facebooksida til Driftig ...
03/09/2018

Fekk du ikkje med deg kurset om marknadsføring i sosiale medium sist veke? Då kan du sjekke ut facebooksida til Driftig i Sogn og Fjordane for å sjå eit tidlegare opptak av det interessante og nyttige kurset om SoMe.

- Kurset er interessant og nyttig, og vi har fått gode tilbakemeldingar på kurset tidlegare, seier Ingvild Andersen, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som har hovudansvar for satsinga på www.driftig.no, gründerkurs og kompetanseheving for gründerar. Kurset fokuserer på korleis sosia...

Det er framleis nokre få ledige plassar til kurset i morgon "Korleis starte nettbutikk". Sjå driftig for meir informasjo...
29/08/2018

Det er framleis nokre få ledige plassar til kurset i morgon "Korleis starte nettbutikk". Sjå driftig for meir informasjon og påmelding.

Kurs på fire timar for deg som treng kompetanse på spesifikke tema innan forretningsdrift.

Visste du at FuS har kaffiavtale med Sognefjord Kaffibrenneri? FuS låner kaffimaskin av brenneriet, og gründer Kjetil Ru...
28/08/2018

Visste du at FuS har kaffiavtale med Sognefjord Kaffibrenneri? FuS låner kaffimaskin av brenneriet, og gründer Kjetil Russenes kjem og fyller på kaffibønner når det trengst. Dermed kan FuS alltid tilby ny, spennande og fersk kaffi til alle som har kontorlokaler i FuS eller er på besøk hjå oss.

Visste du at FuS har kaffiavtale med Sognefjord Kaffibrenneri? FuS låner kaffimaskin av brenneriet, og gründer Kjetil Russenes kjem og fyller på kaffibønner når det trengst. Dermed kan FuS alltid tilby ny, spennande og fersk kaffi til alle som har kontorlokaler i FuS eller er på besøk hjå os...

Adresse

Sogndalsfjøra
6856

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når FUS Sogn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til FUS Sogn:

Del

Fus Sogn - nettverk av gründerbedrifter og etablert næringsliv

Fus Sogn er eit nettverk av gründerbedrifter og etablert næringsliv. FuS tilbyr arrangement der alle er velkomne, i tillegg til kontorleige for gründerar, inkubatorbedrifter og etablert næringsliv.