19/10/2022
Håper vi sees på turne😊
Dette biletet er tatt langs vegen på Garness sin aller første juleturné i 2010, på den tida då vi var unge, utkvilte og fulle av ungdommelig pågangsmot!😁🤩 Vi hugsar kor utruleg spennande det var å skulle planlegga, booka og gjennomføra ei lang rekke konsertar - heilt på eigne bein. Med fersk musikk i bagasjen ("Barnet i krybben") som vi verkeleg var stolte av, og med musikantar og teknikar på laget som snart skulle kjennast som ei blanding av "tjukkaste slekta", bestevenar og musikalske soul mates. Det var ikkje mykje eigentid eller luksus på den turneen😂 (eller kva seier de, Thomas Gallatin, Torjus Vierli og Eirik Stakkeland??), vi klumpa oss saman alle 5 i ein Touran og hadde instrumenta våre i ein tilhenger vi fekk låna av KRIK😘. Heile gjengen budde privat hos gode vener og familie så mykje vi fekk høve til. Vi køyrte strekningar som Ålesund - Moss over natta i heftig snøvær. Vi trykte billettar, designa avisannonser og kontakta dei vi kjente i media for å prøva å få til intervju. Vi hadde vore med på store og velorganiserte turnear med veletablerte artistar tidlegare, der ein verkeleg kom til ferdigdekka bord på alle måtar, der alt var på stell og profesjonelle agentar tok seg av tilrettelegginga. Svære konsert-arenaer og fulle hus. Dette var noko heilt anna. Hundre gongar meir arbeid. Og vi visste at vi begynte (til ein viss grad) på scratch med å bygga opp noko nytt. Men det kjentes også som å komma heim😃. Å kunne invitera til våre eigne konsertar der vi sjølve stod for innhaldet frå A til Å, med gamle og nyskrevne julesongar framført i vårt eige musikalske univers, akkurat på den måten vi ville ha det.
No har vi vore på vegen med "Garness-jul" i 11 år og tar snart fatt på vår 12. turné. Det har jo ikkje "tatt fullstendig av"😜 og om nokon trur at det å halda julekonsertar er ein lettvint og kynisk måte å tena pengar på, kan i alle fall vi avkrefta dette for vår eigen del😆😅. Pandemien og dei krevjande tidene vi er inne i har ikkje gjort spenninga over om alt vil gå rundt økonomisk noko mindre. Men vi kjenner oss enormt takknemlige som gjennom desse åra har fått sjansen til å formidla ein bunnsolid, sterk bodskap som fortsatt rører og tenner lys i våre eigne og andre sine hjarte. Det er tekstar og melodiar som løfter, inspirerer oss og gir mot til livet. Det er speleglede og enorm begeistring/beundring for musikarane vi får lov til å skapa noko saman med.
Vi er enormt takknemlige for at vi har ein "base" av publikummarar som kjem på konsertane våre og som anbefalar musikken vår vidare til nye lyttarar. Vi tar det ikkje som sjølvsagt!!🙏🏼🙏🏼🌹😍
I desember legg desse fire som du ser på biletet (om enn i ei litt anna - kanskje ein smule modnare og litt mindre utkvilt…?? utgåve) ut på juleturné igjen og skal holda 10 konsertar i Sør-Norge. DU er invitert, om det skulle passa med tid og stad!!